Bra i Birken

Fleire frå Varegg tok turen gjennom dei 54 kilometrane frå Rena til Lillehammer i helga.

Kjekt at Hilde Fenne no representerte Varegg også på ski på imponerande vis. Ho viste at skiformen framleis er prima og kniva om sigeren i skøyteversjonen av Birkebeinerrennet heilt fram til skistadion. Det vart til slutt ein andreplass til Hilde, som for to år sidan var første totalvinnar av Skøytebirken. Sjå fin reportasje i Kondis. Her fann ein i tillegg Wenche Enes og Freddy Mossestad litt lenger nede på resultatlistene. Sjå http://resultatservice.birkebeiner.no/live_sok_SB.php

På den i dobbelt forstand klassiske turen laurdag gjorde Brynjulf Vonen sine saker bra i klasse 55-59, og heldt mellom anna samtlege veteranløparar frå Fana bak seg. Stig Jarle Svardal gjekk også bra, men med litt dårlegare utgangspunkt i feltet kom han inn rett bak merkekravet. Sjå http://resultatservice.birkebeiner.no/live_sok_BRennet.php

(Foto: Kondis.no)

18.03.19