Johs Gjesdal 60 år

Vareggs primus motor Johs Gjesdal fyller 60 år i dag, 18. februar.

Johs starta sin karriere i Varegg på “dei skrå bredder”, som keeper i Varegg Fotball. Seinare var det løping og friidrett som overtok. Her har han gjort sine saker bra og er å finne blant dei øvste plassane på dei fleste distansane på Vareggstatistikken. I nyare tid har han fulgt spent med på sonen Jonas og kompisanes iherdige forsøk på å passera han på denne statistikken. Innsatsen deira for å slå han på 1500m kommenterte han ein gong på følgjande vis: “de sier de skal ta meg, men eg har ikkje sett noe til det endå..”.

Då Johs på 80-tallet dro til Trondheim for å studera stod det i det gamle medlemsbladet Varegg-bladet: “Han kommer kanskje igjen senere i Varegg for å gjøre nytte for seg”. Mange år seinare kan man vel slå fast at han gjorde nettopp dét. Johs har lagt ned ein utretteleg innsats for klubben, alt frå å vera ein viktig brikke i arrangeringa av Stoltzekleiven Opp, organisering av uttallege stafettlag, konkurransar og treningsleire til å vera kontinuitetsberar for klubbens friidrettstreningar, både for unge og litt eldre, med påfølgjande oppdateringar i sosiale media.

Johs har vore formann i Varegg Fotball i 3 år og i Varegg Fleridrett i 8 år. Han vart tildelt klubbens sølvmerke (10 års innsats) i 1997 og gullmerke (20 års innsats) i 2007.

Me gratulerar jubilanten med dagen og håpar på mange års innsats enno!

18.02.21