U23 EM i Friidrett skal etter planen arrangerast på Fana Stadion 17.-20. juli 2025.
Arrangør Bergensalliansen inviterar alle klubbar i regionen med som medarrangør. U23 EM skulle eigentleg arrangerast i Bergen i 2021, men måtte avlysast grunna Covid-19 pandemien. Sjølv om det er ei stund til 2025 så påpeikar arrangørane at størstedelen av jobben må gjerast i åra i forkant. Man anslår det totale behovet for frivillige til ca. 700. Dersom Varegg skal vera med som medarrangør på dette arrangementet så trengst det i første omgong ein bemanningsansvarleg som kan vera bindeleddet mellom Varegg og arrangørkomiteen. Dersom du er interresert i å ta på deg rolla som bemanningsansvarleg, eller har spørsmål rundt dette, så send ein e-post til: leder.fleridrett@vareg...
PS: Alle som kan tenkje seg å jobbe på indre bane under arrangementet (hente spyd, rake sandgrop o.l.) må ha dommerkurs + erfaring. Dvs. at dersom du ønskjer slike oppgåver bør du ta relevante kurs i god tid (du må òg opparbeide deg erfaring).
For spørsmål: leder.fleridrett@vareg...