Sterke prestasjoner i NM Ultra

Lørdag var det NM Ultra i Moldeterreng. To tøffinger fra Varegg var med på å sette fart og farge på mesterskapet.

Gratulerar til Sara-Rebekka Færø Linde med NM-bronse i terrengultra (gull i 35-39-årsklassen) og til Lars Olaf Haaheim med gull i 45-49-årsklassen (6. plass totalt). NM terrengultra vart arrangert som ein del av Molde7topper og gjekk over 49km med 2700 høgdemeter. Våte og gjørmete forhold gjorde løpet ekstra tungt. Våre løpara derimot, kunne kanskje tenkt seg at løpet var litt lengre. Analysen viser at Sara-Rebekka var raskaste kvinne dei siste 16 kilometrane.

11.09.21